Landbruks- og matminister Dale skal feire mat frå Rogaland

Tysdag 29. mai skal statsråd Dale stå for den offisielle opninga av Klostergarden sitt gardsutsal på Rennesøy. Seinare på dagen vil han besøke Frøvoll gard i Randaberg som produserer grønsaker og urter i stor skala.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2018

Inger Lise og Anders Schanche Rettedal driv Klostergarden og dei har bygd om eit gammalt sjøhus til eit gardsutsal. Gardsutsalet ligg vakkert til like nedanfor Utstein Kloster, som er Noregs einaste bevarte kloster frå middelalderen. Sjøhuset er opphavleg frå omlag 1860 og renoveringa har vore utført av Trodahl Arkitekter og byggmeister Høie Ueland. Bygget er blitt realisert med støtte frå Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune/Riksantikvaren, Kulturminnefondet, Inge Steenslands Stiftelse og Rennesøy kommune.

I gardsutsalet sel dei unike produkt frå Utstein Gard/Klostergarden og andre produsentar av lokal mat og drikke, samt spesiallaga handverk.

Opninga finn stad tysdag 29. mai 2018 kl. 11.00 til 13.00. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil stå for opninga. Ordførar i Stavanger kommune, Christine Sagen Helgø, og varaordførar i Rennesøy kommune, Jostein Eiane, vil vere til stades, saman med andre inviterte gjestar.

Det vil bli servert lunsj ved stjernerestauranten Renaa. På menyen står heilgrilla dielam med andre lokale råvarer som tilbehør/ drikke.

Etter lunsj blir det besøk hos Frøvoll gard og eigar Torleif Todnem i Randaberg. Randaberg er kjent som persillebygda og familien Todnem skal ha æra for det. På garden dyrkast det først og fremst urter på friland og i veksthus. Alle urtene blir dyrka på bakkenivå, og som blir hausta til snitt og pakka etter forbrukarane sine behov.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.