Heiderspris til bønder i Sauda

Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2016 blei i dag delt ut til Stephanie og Dagfinn Birkeland frå Sauda.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2017

Stephanie og Dagfinn har dei siste 15 åra bygd opp garden Mosbakke får nærast ingenting, til dagens produksjon med svinehald og sau. I dag fekk dei Rogaland landbruksselskap sin heidersprisen. Juryen vart relativt raskt samde om kven som skulle få prisen og blei delt ut av styreleiar Geir Skadberg.

Birkeland er arbeidssomme og nytt storfefjøs er planlagd. I stallen har dei plass til 12 hestar og her driv dei med ridetrening og dressur, eit populært tilbod blant ungdomen i Sauda. I tillegg til god gardsdrift, er både Stephanie og Dagfinn ja-menneske som alltid bidreg i lokalsamfunnet når noko skal ordnast eller stellast i stand. Det vere seg skogdagar, kåringar, hesteutstillingar eller alprinrenn – ja då kan du vere sikker på at dei er med i arrangørkomiteen. Mykje arbeid er lagt ned i det lokale Bondens Marknad, dei har lagt ned mykje ressursar med å få til gode rammevilkår for småkraftverk, dei er aktive i kommunepolitikken, og gode ambassadørar for framtidstru og optimisme.

I sum er dei to gode bygdeutviklarar som bidreg til lokalsamfunnet langt ut over det ein kan forvente.

Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom og eit kunstverk.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.