Grøne beite gir geitost av beste kvalitet

Beita er ein viktig ressurs i rogalandsk matproduksjon, og kan i tillegg vere eit viktig grunnlag for attåtnæring.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.04.2018

Vakre Vats byr på så mangt. Ope, vårgrønt kulturlandskap og nutane har ennå snøhetta på. På garden Aurdal med namn som kjem av jordtypen aur, finn me familien Haslemo. Bonden Jan har mange jern i elden, og stegvis har han bygd ut garden sidan han overtok i 1997.

470 mjølkegeiter legg grunnlaget for ysteriet som har henta heim NM-gull for sin brune geitost. Sidan 2016 har Jan testa ut kvit geitost i marknaden. Geitene produserer 250 tonn mjølk, der 60 tonn går til eige ysteri. Resten blir levert til Haukeli meieri og Cevre-produksjon.

Til seters for å gjere seg feit

På sommaren flyttar folk og fe til seters på Haukeli. To vogntog må til for å frakte 470 geiter med kje og 200 sau med lam til frodige fjellbeite. Allereie i tjueåra fekk Jan interessa for å drive seter og yste, og har sidan vore oppteken av å ta vare på denne kulturarva. Han arbeider systematisk for å ha topp kvalitet på fòr, dyr og mjølk. Derfor blir grovfòret lagra i to tårnsiloar i betong på d = 8 meter og h = 16 m. For å redusere fòrsvinnet, vel han å finsnitte graset. Blir dyr sjuke, så er han rask med å sjalte dei ut. Ganske så interessant er det at han ikkje har brukt antibiotika på dyra dei siste ti åra. Kvalitet i alle ledd med andre ord.

Mangesysleri

Heima på garden er det stadig noko nytt på gang. Berre 18 år gammal bygde Jan eit sag- og vedhus og her sager han eiget tømmer til bruk på garden. I 2017 produserte han i samarbeid med Sandeid fengsel 100 famnar ved. I 2009 bygde han nytt fjøs i tre på 1300 m². Han har kjøpt to gardsbruk for å skaffe seg meir areal. Det siste nye er at han tar i mot overskotsmasse frå utbygginga av ny sykkelveg i Ølen. Massane blir brukt til å lage meir dyrka jord. Når Jan skal slappe av, så set han seg ved spakane i gravemaskina. Store areal er blitt nydyrka og mange meter med tursti har blitt til sidan han overtok garden. Om ikkje dette er nok, så held han og på med guiding for bussturistar som vil sjå garden og Aurdalselva.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.