Bærdyrkarar på Sørlandet lykkast med økologisk jordbærdyrking

- Det går fint å dyrke økologiske jordbær i Norge, så lenge ein gjer det under tak. Tunnel er sjølve koden dersom ein vil ha ei stabil avling uansett vêr, meiner rådgjevar Jan Karstein Henriksen i Norsk Landbruksrådgiving Agder (NLR).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2017

Det er i hovudsak to sortar som har vore i bruk for økologisk dyrking på Sørlandet: Rondo og Sonata. Rondo kan ha fleire avlingar i året, og vil gje bær heilt til frosten kjem. Sonata har berre ei avling. Av dei to er Rondo best på smak og skal gi størst avling, medan Sonata er mest haldbare og betre eigna til transport. Jordbæra i Lyngdal står i tunnel. -Utan tak på frå bløming til hausting, så har eg ikkje sjans trur eg, seier jordbær- og mjølkebonden Kjell Magne Larsen.

I Marnadal driv Brit Mjåland med økologisk jordbær, nå på eit utvida areal på 10 dekar med både Sonata og Rondo. I framtida skal det bli mindre Rondo og meir Sonata på grunn av at den toler transporten mykje betre.

Begge dyrkarane leverer til BAMA, og har i tillegg god erfaring med direktesal. Brit Mjåland sel blant anna jordbær til Dyreparken i Kristiansand. 

Er du produsent og intressert i økologisk jordbærdyrking? Ta kontakt, så legg vi opp til  studietur til Lyngdal og Marnadal!

Du kan lese meir på føregangsfylket sin nettstad om dyrkingsopplegget på jordbær, og du kan laste ned rettleiar på høgre sida i menyen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.