25 – 30 prosent færre eple i år

Epleproduksjonen i Ryfylke er redusert med minst 25 prosent samanlikna med i fjor. Den kalde våren får skulda for at fruktåret ikkje blir så godt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.10.2020

Fruktpakkeriet i Årdal har hatt cirka 30 prosent reduksjon i mottak av frukt i høve til i fjor. I 2019 vart det levert cirka 400 tonn med eple, 35 tonn med plommer og 60 tonn med pærer, medan i år vert det ein nedgang på eple, nesten ikkje plommer og berre 40 prosent av pæreproduksjon. Nokre eplesortar har gitt brukbar avling, medan andre har gitt mindre enn forventa.

Summerred gjer det brukbart

Fruktprodusenten Roald Voll på Ombo har over 20 dekar med frukt, og han har hatt ein ganske god produksjon på eplesorten Summerred, med opp mot 4 tonn pr dekar. Dette er ein del dårlegare enn det han har hatt tidlegare. Epla vart ikkje store i år fortel han, fordi det var kaldt i mai.

Elendig for plommene

Plommesesongen i Ryfylke har vore svært dårleg. Enkelte frukthagar fekk ingen plommer, medan andre fekk litt. Det har vore store variasjonar frå område til område, frå grend til grend.

Få, men fine pærer

Pærene som vart levert pakkeriet har vore store og fine, men ikkje i dei mengdene som vanlegvis vert levert.

Kulda har skulda

Det er den kalde våren som er årsaka til avlingsreduksjonen. Snø og kuldegrader i mai er ikkje godt for blomsterknoppane si utvikling. Generelt har dette gitt færre eple på epletrea, men det har vore svært ujamnt sjølv i ein og same frukthage.  Trass i ein «dårleg» fruktsesong i år, er fruktprodusentane i Ryfylke optimistiske med tanke på neste års fruktsesong.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktperson