10 års jubileum for Utvalde kulturlandskap i jordbruket

10 år er gått sidan kronprins Håkon opna satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket i Hedmark. Den nasjonale markeringa av jubileet er lagt til Rennesøy den 20. august 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.08.2019

Samarbeid på tvers

Satsinga på Utvalde Kulturlandskap (UKL) er eit vellukka samarbeid og økonomisk spleiselag mellom Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren med overordna departement.

 

 

Målet med UKL er å ta vare på særskilt verdfulle kulturlandskap gjennom tiltak for å sikre verdiar på biologisk mangfald, kulturlandskap, kulturhistorie, kulturminne og kulturmiljø. Ei avtale mellom stat og grunneigarar sikrar langsiktig skjøtsel og drift av desse verdiane.

Rogaland har to av dei 45 områda i Noreg med status som UKL-område. Områda på Rennesøy fekk sin UKL-status allereie i 2009. UKL-Suldal kom inn i satsinga i 2018.

Rennesøy er vertsskap

UKL-Rennesøy er vertsskap for den nasjonale 10 års jubileet for UKL. Grunneigarar, ordførarar, lokal og regional forvaltning frå mange av UKL-områda rundt om i landet deltar saman med representantar frå Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Riksantikvaren med deira overordna departement.

Første del av jubileumssamliga finn stad på på Clarion hotell i Stavanger. Fylkesmann i Rogaland, Lone Merethe Solheim, vil ønskje dei inviterte UKL-gjestene velkommen til Rogaland. Her viser landskapsgeograf Oscar Puscmann foto-historia til 10 år med nasjonal UKL-satsing. Pianist Jan Gunnar Sørbø frå Rennesøy står for det kulturelle innslaget. Ein særskilt hyllest til grunneigarar og entusiastar i UKL-områda, ryggraden i UKL-satsinga, høyrer med.

På ettermiddagen blir det ekskursjon til UKL-Rennesøy for dei inviterte gjestane. Etter ein båttur frå Stavanger til Dalekaien på Rennesøy blir det guida vandring frå Dalekaia opp kulturstien til Dalestemmen og samling på Sel. Her blir det helsingar frå direktør Jørn Rolfsen i Landbruksdirektoratet, landbruks- og matminister Olaug Bollestad og klima- og miljøvernminister Ole Elvestuen. Markeringa avsluttast med eit kulturelt innslaget av Torolf Nordbø («Han Innante»).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.