Tid for bygging av gjødsellager!

Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel er god investering også utan tilskot. Det kom fram av ein kronikk i Bondevennen i november 2017, då var det mykje nedbør som var utfordringa. Nå er det tørke som gir grunnlag for å løfte fram temaet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.08.2018

Overskrifta er henta frå ein artikkel Anfinn Rosnes skreiv i Bondevennen første veka i november i 2017 då mange bønder hadde store utfordringar med kapasitet i gjødsellageret inn mot vinteren. Artikkelen er skriven for å motivere til å utvide gjødselagerkapasitet, som både er god økonomi og agronomi.

Tørke gir utfordringar

Kven skulle tru at det skulle bli tørke som gav oss utfordringar dette året, ikkje minst når det gjeld mangel på grovfôr. Men det gir også utfordringar når det gjeld det å få husdyrgjødsla ut til rett tid, det er difor opna opp for tilskot til bygging av gjødsellager.

Det har vore ein tett dialog mellom næringa, rådgjevinga og forvaltninga om korleis vi skal handtere utfordringa. Det er ikkje tillate å spreie gjødsel etter 1. september utan nedmolding, og det vanskeleg å sjå føre seg at det vil vere forsvarleg å spreie ut gjødsel allereie 15. februar i 2019. Meir lagerkapasitet er ein viktig del av løysinga.

God økonomi i meir lager

Mange bønder er sjølvsagt mest opptatt av å skaffe grovfôr til vinteren, og det er dyrt å kompensere for manglande fôr. Vi vil likevel peike på at det kan vere god økonomi i å utvide lagerkapasitet for husdyrgjødsel, slik det kjem fram av rekneeksempelet i den aktuelle artikkelen.

Best å vere i forkant

Det tek tid å frå avklart ny gjødselvareforskrift, men det er klare signal på at det vil kome strengare krav til lagerkapasitet og spreiefristar haust og vår. Bønder i Rogaland er kjende for å følgje med i utviklinga, og helst ligge litt i forkant av det som kjem. Det er mange utfordringar og investeringsbehov i næringa, men vi kjem ikkje utanom bygging av gjødsellager denne vinteren også. Og med nemnte tilskot blir dette ekstra gunstig.

Kopi av artikkelen i Bondevennen er vedlagt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.