SMIL-tilskot til tak på gjødsellager

Tak over gjødsellager
Tak over gjødsellager (Foto: Nono Dimby / Fylkesmannen)

Kommunane kan frå 2019 gi tilskot til å etablere dekke/tak over utvendig gjødsellager.

Dekke over gjødsellager kan redusere utslepp til luft, særleg tapet av ammoniakk. Reduserte utslepp av gjødselgassar frå gjødsellager er òg positivt for omgivnadane.

For å få SMIL-tilskot må søkjaran:

  • Ha ei drift som kvalifiserer for produksjonstilskot,
  • Nok lagerkapasitet for husdyrgjødsel til å oppfylle minstekrava i forskrift om organisk gjødsel, og
  • velje takløysning av varig karakter tilpassa det aktuelle lageret.

 

Tilskot frå Innovasjon Noreg

Innovasjon Norge har òg eit tilskot til tak på eksisterande gjødsellager. Det er avgrensa med SMIL-midlar. Difor er vår tilråding å søke om tilskot til tak på gjødsellager via Innovasjon Norge. Viss din søknad til Innovasjon Norge ikkje vinn fram er SMIL eit alternativ.

 

SMIL-ordninga skal støtte bønder som gjer ein frivillig miljøinnsats ut over gjeldande lovverk, for å ta vare på kulturlandskap, biologisk mangfald eller å hindre ureining til vatn og til luft.

 

 

 

Kontaktpersonar