Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2020

Korleis kan miljøvenleg gjødselspreiing kombinerast med tiltak for vipa? Det er eit av fleire tema som er prioritert i 2020
Korleis kan miljøvenleg gjødselspreiing kombinerast med tiltak for vipa? Det er eit av fleire tema som er prioritert i 2020

I 2020 har vi 690 000 kr til å støtte prosjektsøknadar som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet. Frist for å søkje er 15. mars.

Regionale prioriteringar

Søknadar som støttar strategiar i Regionalplan landbruk og Regionalt bygdeutviklingsprogram kan få støtte. I 2020 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats for redusert tap av næringsstoff til sårbare vassdrag
  • Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Potensiale for nydyrking og etablering av nye innmarksbeite på Jæren med låg grad av konflikt
    • Miljøregistreringar på gardsbruk
    • Miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel - tiltak for å ta vare på vipe

Fylkesmannen kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet, og vi viser til retningslinene for ordninga.

Elektronisk søknad og svar på søknad

Du søkjer elektronisk i Altinn. På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du informasjon om korleis du leverer søknaden. Når Fylkesmannen har behandla søknaden vil svaret kome elektronisk, og søkjarane vil få melding via e-post eller mobil.

Lever elektronisk søknad her.