Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak 2018

Kartlegging av avrenning frå veksthus er eit prioritert tema i 2018
Kartlegging av avrenning frå veksthus er eit prioritert tema i 2018

Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Frist for å søkje er 15. mars.

Regionale prioriteringar

Søknadar som støtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket, og nasjonale føringar om å prioritere klimagassutslepp/karbondbindeing vil bli prioritert. I 2018 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
  • Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Kartlegging av avrenning frå veksthus
    • Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
    • Utvikling av retningsliner for etablering av plansiloar
    • Kartlegging av viktige restareal på Jæren

Fylkesmannen kan støtte inntil 70 prosent av den totale kostnadsramma for prosjektet. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.

Elektronisk søknad

Nytt i 2018 er at søknaden skal leverast elektronisk i Altinn. Det er ikkje lenger mogleg å sende papirsøknad. På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du informasjon om korleis du leverer søknaden.

Lever elektronisk søknad her