Desse prosjekta får klima- og miljøtiltaksmidlar i 2019

Fylkesmannen i Rogaland fekk i år 690 000 kr til å støtte regionale prosjekt. Så langt har sju prosjekt fått støtte.

Føremålet med Klima- og miljøprogrammet i jordbruket er å stimulere til gode løysningar på miljøutfordringane gjennom å støtte informasjonstiltak og utgreiing. Kvart fylke får årleg regionale midlar til å støtte gode prosjekt. I 2019 fekk Rogaland søknadar om til saman 715 800 kr. Sju prosjekt har så langt fått støtte:

Prosjekt Organisasjon
Frivillige tiltak i landbruket. Samarbeidsprosjekt mellom kommunane på Jæren for å stimulere til tiltak i jordbruket som kan betre vasskvaliteten i Jærvassdraga.

Hå kommune er vertskommune på vegne av Klepp, Time, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Sola, Randaberg.

Video om miljøtiltak. Hå kommune
Forprosjekt, vask av fjørfehus. Vurdere om vasking av fjørfehus kan gi næringsavrenning til vassdrag, og klargjere behov for prøvetakingsprosjekt. NIBIO
Miljøregistrering på gardsbruk i Time. Time kommune
Næringsinnhald og volumvekt av fjørfegjødsel. NLR Rogaland
Soner for pollinerande insekt. NLR Rogaland
Kartlegging av avrenning frå veksthus Rogaland landbruksselskap