550 000 kr til miljø- og klimaprosjekt i Rogaland

Frivillige tiltak i landbruket har fått støtte fra klima- og miljøtiltaksmidlar i 2018.
Frivillige tiltak i landbruket har fått støtte fra klima- og miljøtiltaksmidlar i 2018.

Fylkesmannen i Rogaland forvaltar regionale klima- og miljøtiltaksmidlar i jordbruket. Fem prosjekt har fått finansiering i 2018.

Midlane blei lyste ut med søknadsfrist 15. mars. Fylkesmannen i Rogaland fekk inn 8 søknadar. Prosjekta som har fått støtte i 2018 er:

  • Frivillige tiltak i landbruket, Rogaland landbruksselskap. Samarbeidsprosjekt mellom kommunane i Jæren vannområde for å motivere bønder til å gjere tiltak for å betre vasskvaliteten i Jærvassdraga.
  • Kartlegging av viktige restareal i Hå og Klepp, Ecofact Sørvest AS.
  • Utprøving av beslutningsverktøy for riktig gjødsling i potet, NLR Rogaland. Støtte til feltforsøk i Rogaland som er ein del av eit større fellesprosjekt.
  • Møteserie om etablering av brennelag for skjøtsel av kystlynghei. Magnus Søyland.
  • Kartlegging av avrenning frå veksthus, Rogaland landbruksselskap.

Regionale prioriteringar for 2018

Søknadane blei behandla i tråd med prioriteringane som blei sette ved utlysinga. Her blei følgjande område særleg prioritert:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
  • Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Kartlegging av avrenning frå veksthus
    • Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
    • Utvikling av retningsliner for etablering av plansiloar
    • Kartlegging av viktige restareal på Jæren

Kontaktpersonar