Midtsidevipe i Bondevennen

Vipa er kritisk trua og gode vipetiltak er nødvendige for å få fleire ungar på vingene.
Vipa er kritisk trua og gode vipetiltak er nødvendige for å få fleire ungar på vingene.

Vi håper merksame lesarar oppdaga «midtsidevipa» i Bondevennen. Plakaten er til å nappe ut og henge opp på eigna vegg. Den er meint til inspirasjon for gode vipetiltak – for vipa er komen og våren er her.

Plakaten kan du sjå på heimesida til Bondevennen. Den inneheld informasjon om vipa og oversikt over omsyn gardbrukarane kan ta i gardsdrifta. Plakaten er støtta av Fylkesmannen med klima- og miljøtiltaksmidlar, og er eit av mange bidrag for å få fleire vipeungar på vingane i 2020.