Landbruk, miljø og klima i Sør-Tyskland

Hest på beite, Sør-Tyskland
Hest på beite, Sør-Tyskland (Foto: Nono Dimby)

Landbruksavdelinga var nyleg på studietur i Sør-Tyskland, - i delstatane Baden-Württemberg og Bayern. Regionen har mykje natur og fine landskap med eit variert landbruk. Landbrukets klima- og miljøsatsing vises att i kulturlandskapet og i positive haldningar blant bøndene vi besøkte.

Landskapet

Landskapet består av dalar, åsar, fjell, skog og innsjøar. Langs grensa mot Tsjekkia ligg store skogareal, - den Bayerske skogen og Böhmiske skogen. I Baden-Württemberg ligg dei skogkledde fjellområda Schwarzwald der elva Donau har sitt utspring. Denne regionen har den høgaste andel av økologisk landbruk i Tyskland. Store dominerande produksjonar er storfe/mjølk, frukt, biogass og solenergi.

Miljøvennleg landbruksproduksjon mot bevisste forbrukarar

Som i Norge har forbrukarane ved sidan av pris, fokus på dyrevelferd, klima og miljø. Fleire av verksemder selde sine gode men dyre produkt direkte til faste kundar, eller køyrde sjølv ut varene til marknaden. Viss kunden fekk innblikk i meirverdien på produkt grunna ein produksjon basert på trivsel og miljø, var det ikkje noko problem å få seld varer, det vere seg ost, yoghurt basert på høy eller biodynamiske grønsaker dyrka utan kunstgjødsel eller insektmiddel.

Eigenproduksjon av energi til eigen nytte

Fleire av gardsbruka vi besøkte produserte mykje av eigen energi, - anten ved biogass-anlegg, solcellepanel eller varmeutnytting. Solceller ble mellom anna nytta til tørking av høy til storfe. Nokre garder var organiserte i arbeidsfellesskap/større bedrifter, der både produksjon, foredling og marknadsføring/sal/opplevingar fann stad på garden.

Miljø og landbruk

Baden-Württemberg deltar i et EU program FAKT (funding programme for environment, climate protection and animal welfare). Programmet støtter opp om klima-, miljø- og dyrevennleg landbruk. Over halvparten av landbruksverksemdene i denne staten som søker EU-subsidier, deltar i dette programmet. Det inneber at dei har ein miljøvennleg landbrukspraksis, tar vare på vatn, jordsmonn og kulturlandskap, bidrar mot klima-endringar og tar vare på trua dyrearter. Gardbrukarane får tilskot etter ulike mål, - som

  • avlingsrotasjon (minst 5 ulike årleg),
  • bevaring av kulturlandskap og habitat,
  • bevaring av trua arter, husdyrrasar og tradisjonelle driftsmetodar,
  • bruk av insekt mot skadegjerarar, og
  • fråvær av kjemiske/syntetiske plantevernmiddel og gjødsel.

Tyskland har òg fått ei ny «dyrevelferdsmerking», i første omgang på svin, fjørfe og broiler. Merkinga skal tydeleggjere at produkta kjem frå garder med særs god dyrevelferd.

Skogkollaps, ei utfordring

Skogen i Tyskland dekker ca. 1/3 av arealet, og tar opp ca. 7% deira årlege utslepp av CO2. Det meste av skogen står i sør- og aust-Tyskland. Skogen er ein arbeidsplass for mange som bor i landlege områdar og utgjer ein stor del av (sør-)tysk identitet. Skogen står overfor ei krise med skogdød grunna tørre varme somrar, brannar og uver etterfølgt av sopp- og angrep av insekt. Gran men òg furu og bøk er hardt råka av skogdøden. Mykje gran er planta i områdar der grana ikkje trivs. Tiltak mot skogdød har fått topp prioritet i Tyskland. Det er utarbeida ein nasjonal handlingsplan for å redde skogane. Ein av strategiane i handlingsplana er planting av meir robuste treslag. Rådgivarane på skog i regionen brukar mykje kapasitet på å planlegge planting av nye treslag som ein klimatilpassingsstrategi.