Kven er Rogaland sin kandidat til Nasjonal kulturlandskapspris 2020?

Har du gode forslag kan du senda dei til Fylkesmannen før 21. april, så formidlar vi vidare. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.

  

Hensikten med å dele ut ein årleg nasjonal kulturlandskapspris er å:

  • Auke kunnskapsnivået om kulturlandskapet.
  • Bevisstgjera folk om miljøverdiane i kulturlandskapet.
  • Stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet gjennom gode eksempel

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er leiar for juryen som skal velja ut årets vinnar.

Fylkesmannen, landbruksavdelinga inviterer med dette aktørar med tilknyting landbruket til å senda inn forslag på kandidatar til årets kulturlandskapspris på e-post til Nono Dimby før 21. april. 

Bønder på Kvitsøy fekk denne gjeve prisen i 2017. No håper vi på bidrag slik at vi finn verdige kantidatar frå Rogaland i 2020.