Jæren vannområde ber Sola kommune innskjerpe spreiefrist for husdyrgjødsel

Lortaspreiing på Jæren er ikkje tillat etter 1. september
Lortaspreiing på Jæren er ikkje tillat etter 1. september

Kommunane på Jæren med unntak av Sola har innskjerpa fristen for spreiing av husdyrgjødsel til 1. september. Avrenning frå jordbruk er ei utfordring for vasskvaliteten i området, og nå ber Jæren vannområde kommunen om å ta opp saka på nytt.    

I 2018 vedtok kommunane Hå, Time, Sandnes, Stavanger og Randaberg ei lokal forskrift om avgrensing av spredeperiode for husdyrgjødsel og annen organisk gjødsel. Den lokale forskrifta forbyr spreiing av husdyrgjødsel etter 1. september. Før forskrifta blei vedtatt kunne bøndene spreie husdyrgjødsel fram til 1. november dersom gjødsla blei molda ned, til dømes ved pløying. 

I seinare tid har også Klepp kommune og Gjesdal kommune vedtatt den lokale forskrifta, og frå 1. juli er det berre Sola kommune som står att av kommune i Jæren vannområde. Utfordringane med avrenning frå jordbruk er dei same i heile området, og forbod mot haustspreiing av husdyrgjødsel er eit av dei føreslåtte tiltaka i Regional plan for vannforvaltning i Rogaland.

Bruk av husdyrgjødsel er regulert av forskrift om organisk gjødsel og denne opnar for at kommunane kan innskjerpe spreiefristen. Den lokale forskrifta har dei same opningane for å dispensere som den nasjonale forskrifta.