Husdyrfylket Rogaland blir utfordra i ny klimaavtale for jordbruket

Regjeringa og jordbruksnæringa har den 21. juni 2019 signert ein intensjonsavtale om å redusere klimagassutsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021–2030. Rogaland, med sitt store dyretal, blir særleg utfordra.

Avtalen er ei oppfølging av ein invitasjon frå statsministeren i 2016, og er komen i stand etter ein lenger dialog mellom næringa og regjeringa. Sjå eiga pressemelding frå regjeringa der du også finn sjølve avtalen.

Rapport frå teknisk arbeidsgruppe

Det blei hausten 2018 arbeidd ut ein rapport som eit fagleg grunnlag for klimaavtalen. Rapporten datert 10.12.2018 gir ein oversikt over moglege tiltak som kan bidra til å nå målet om redusert utslepp.

Mest å hente i Rogaland

Matproduksjon gjennom fotosyntesen er en avgjerande for liv på jorda, og er basert på opptak av CO2. Samstundes er delar av jordbruket, og særleg husdyrhald, biologiske prosessar som fører til utslepp av klimagassar. Husdyrhald, medrekna lagring og bruk av husdyrgjødsel, er opphav til omfattande utslepp av klimagassar i form av metan og lystgass. Difor blir Rogaland særleg utfordra, og her er mest å hente når det gjeld nye former for lagring og bruk av husdyrgjødsel. Og ikkje minst kritisk bruk av mineralgjødsel.

Biogass – ein viktig del av løysinga

Biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel er også eit av tiltaka i avlaten, sjølv om dette i dag ikkje blir fanga opp i utsleppsrekneskapet.

 

Tonn husdyrgjødsel per år i Hå Time og Klepp, NORCE 2019

Tonn husdyrgjødsel per år i Hå Time og Klepp, NORCE 2019

Figuren er henta frå eit forskingsprosjekt som blir gjennomført av NORCE i desse dagar. Det er eit stort potensial for bygging av biogassanlegg på Jæren. I kommunane Klepp, Time og Hå er det vurdert til å vere over 700 000 tonn husdyrgjødsel. Dette kan teoretisk gi ein energiproduksjon om lag 110 GWh. Det mest aktuelle blir her å ta ut tørrfraksjonen gjennom separering, og etablere eitt, eller nokre, større biogassanlegg. Dette vil det gi stor effekt på klimagassreknekapet, og samstundes gi meir målretta gjødseleffekt av restprodukta.

Vil dette gi auka kostnadar for ei pressa næring?

I klimaavtalen (pkt. 10) kjem det fram at dette ikkje skal gi bindingar for framtidig verkemiddelbruk eller jordbruksforhandlingar. Samstundes som det står (pkt. 9) at det skal vurderast aktuelle verkemiddel for å følgje opp avtalen. Vi vil her framheve at det å redusere det totale fotavtrykket, som gjeld både klimagass og biomangfald, vil vere viktig for omdømme og konkurransekraft for jordbruksnæringa. God utnytting av husdyrgjødsla er lønsamt og reduserer kostnadane frå kjøp av mineralgjødsel. 

Det er elles viktig å minne om at jordbruket er ei av næringane som i størst grad blir direkte ramma av klimaendringar.