Gladmat 2019 kan få rekordbesøk

For 21. gang har Gladmat erobra Stavanger sentrum. Statsminister Erna Solberg opna festivalen i dag framfor fleire hundre tilskodarar. Ho peika på at Rogaland er eit stort og viktig landbruksfylke. «Her er det stor produksjonsvilje, effektiv ressursutnytting og det er framoverlente bønder» – kunne Erna fortelle.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.07.2019

I samband med opninga blei også Matkulturprisen 2019 og Matmerk si ettertrakta Spesialheiderspris utdelt.

Matkulturpris til Stavanger Aftenblad

Matkulturprisen 2019 gjekk til Stavanger Aftenblad sin matredaksjon for å vera viktige pådrivarar og kunnskaps-utviklarar av matfaget i regionen. Ordførar Christine Sagen Helgø sa at «vinneren er en støtte, motivator og kulturutvikler i forbindelse med alt som har med mat og drikke å gjøre i Stavanger. De har satt Rogaland på Norges matkart.»

Spesialpris til Grønvik Gard

Det blei delt ut to Spesialheidersprisar til to epleprodukt frå Grønvik Gard. Det er Cavalier som er ein smaksforsterkar til matlaging og Discovery, ein økologisk eplemost. Prisen blei delt ut av Erna Solberg. Grønvik gard blei etablert i 2011 av Elisabeth Grønvik i Hjelmeland kommune. Grønvik er særleg kjent for å produsere god drikke av eple og bær, både økologisk og ikkje økologisk. Begge produkta vakte stor begeistring då juryen smakte på dei ein kald dag i mars. «Cavalier er eit spennande, nyskapande produkt. Ein liten smaksbombe av eple som egner seg til å leike med i matlaginga. Cavalier er ein redusert eplemost som framstillast ved å halvere aromaeplemost som gir ein rik og kraftig eplesmak med god syre» - kunne juryen fortelle.
«Jeg hadde de med meg til Preikestolen i går, og det smakte fortreffelig!» - sa statsministeren.

For alle som er interesserte i mat, og særleg mat frå Rogaland, ta turen på Gladmat. For eksempel eit besøk hos dei som produserar Midsummer med chili frå Miljøgartneriet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar