Fagdag om resirkulering av gjødsel i veksthus

16. januar blir det arrangert ein fagdag om anlegg som resirkulerer gjødsel i veksthus. Stedet er Geno sine møtelokale på Særheim. 

Nick Starkey kjem for å snakke om valg av resirkuleringsanlegg, og optimal bruk av slike anlegg. Tema er blant anna renseanlegg/desinfisering, næringsopptak, næringsløysningar, kvalitet på råvatnet og gjødseltankar. Nick driv med rådgiving for veksthusnæringa i Danmark gjennom firmaet Grotek. I tillegg vil Simon Hansen fortelle om erfaringane med resirkuleringsanlegget i Miljøgartneriet. 

Program for dagen: 

11.00 Velkommen
11.10 Erfaringar med resirkuleringsanlegget i Miljøgartneriet v. Simon Hansen
11.40 Enkel lunsj
12.15 Rensing, styring av gjødsling m.m. v. Nick Starkey, Grotek 
13.30 Pause
13.45 Nick Starkey fortsett
15.00 Diskusjon
15.30 Møteslutt

Nick Starkey vil halde foredraget sitt på engelsk. 

Frist for påmelding er 6. januar! Send ein e-post til Karen Beate Grimstad, fmrokbg@fylkesmannen.no, eller ring 51568940 for å melde deg på.

Geno sine lokaler har adresse Postvegen 212, 4353 Klepp Stasjon (rett nedanfor NIBIO på Særheim). 

Kontaktpersonar