Bli med på markvandring om soner for pollinerande insekt

Sone for pollinerende insekter
Foto: Monica Dahlmo / Statsforvaltaren i Rogaland.

Tysdag 27. august inviterer NLR Rogaland til markvandring hjå Lars Braut og på Felleskjøpet sin forsøks- og stamsædgard i Klepp. Her kan alle interesserte sjå døme på sådde pollinatorsoner, og bli med på å diskutere korleis vi kan få meir pollinerande vekstar i jordbruket

Publisert 21.08.2019

Markdagen startar hjå Lars Braut, Brautvegen 11, 4340 Bryne kl 12. Vidare går turen, ca kl 13.30, til Felleskjøpet sin forsøks- og stamsædgard, Borevegen 7 (ved det nye fjøset).

Med på vandringa blir Ane Harestad frå NLR Rogaland og Monica Dahlmo frå Fylkesmannen. Dei som vil vere med møter opp hjå Lars Braut.

Regionalt miljøtilskot til pollinatorsoner

Nytt i Regionalt miljøprogram frå 2019 er tilskot til bønder som vil skjøtte soner som er viktige for pollinerande insekt. Det blir gitt inntil 5000 kr for å skjøtte ein slik sone. Sona må vere minst 2 meter brei, og den må innehalde ei blanding av gode pollinatorplantar. Søknadsfristen for regionalt miljøtilskot er 15. oktober.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.