Utlysing av midlar til regionale klima- og miljøtiltak

Vurdering av næringsavrenning gjennom grøftesystema er eit prioritert tema i 2017
Vurdering av næringsavrenning gjennom grøftesystema er eit prioritert tema i 2017

Prosjekt som kan bidra til å løyse våre regionale utfordringar på klima- og miljøområdet kan få økonomisk støtte frå Fylkesmannen i Rogaland. Frist for å søkje er 15. mars.

Regionale prioriteringar

Søknadar som understøtter strategiar i Regionalplan landbruk om miljø- og klimatiltak i jordbruket, og nasjonale føringar om å prioritere klimagassutslepp/karbondbindeing vil bli prioritert. I 2017 ønskjer vi særskilt å få inn søknadar på følgjande område:

  • Fellestiltak som mobiliserer jordbruket til auka miljøinnsats
  • Prosjekt som mobiliserer til reduksjon av klimagassutslepp i jordbruket
  • Prosjekt innan følgjande tema:
    • Utvikling av rettleiar for handtering av vaskevatn i driftsbygningar
    • Miljøråd på gardsbruk
    • Vurdering av grøfteavrenning frå jordbruket med omsyn til næringsinnhald og plantevernmiddel
    • Gjenbruk av veksthusmatter frå drivhus

Fylkesmannen vil maksimalt gi tilskot inntil 70 % av prosjektet sin totale kostnadsramme. I særlege tilfelle kan det bli gitt tilskot utover dette.

Innsending av søknad

Søknaden skal sendast per post eller e-post til:
Fylkesmannen i Rogaland Landbruksavdelinga
pb 59
4001 Stavanger

E-post: fmropost@fylkesmannen.no

Frist for å søkje er 15. mars.

Krav til søknaden

Søknaden må minst innehalde følgjande:

  1. Grunnopplysningar:
    1. Prosjekteigar: Namn, organisasjonsnummer, Adresse, postnr, poststad, kontonummer, telefonnummer og e-postadresse
    2. Kontaktperson: Namn på kontaktperson/ansvarleg for prosjektet
    3. Namn på eventuelle samarbeidspartnarar
  2. Prosjektet sin tittel
  3. Prosjektperiode
  4. Prosjektet sine mål, eventuelt delt inn i hovudmål og prosjektmål
  5. Prosjektomtale:
    1. Bakgrunn
    2. Kva skal gjerast og korleis tenkjer de å gå fram?
    3. Framdriftsplan
  6. Økonomi.
    1. Kostnadsoverslag
    2. Finansieringsplan