Vil svekke satsinga på bratt areal med over 8 millionar kroner

Forslag om ny instruks for regionalt miljøtilskot gir store konsekvensar i Rogaland. Partane i jordbruksoppgjeret 2018 var samde om å styrke satsinga på bratt areal, samstundes foreslår Landbruksdirektoratet å ta bort tilskot til bratte innmarksbeite. Endringa utgjer om lag 8,4 millionar kroner i året for bøndene i Rogaland.

Innmarksbeita er spesielt viktige i Rogaland

I Rogaland er om lag halvparten av alt jordbruksareal innmarksbeite. Innmarksbeita er ein svært viktig del av fôrgrunnlaget for beitedyra, og krev stell som ugrasbehandling, kalking og gjødsling for å halde avlingsnivået oppe. Vårt steinrike fylke skil seg klart ut i samanlikninga med andre fylke. 28 prosent av alle innmarksbeita i Noreg er i Rogaland.

Vi meiner forslaget om å ekskludere tilskot til bratte innmarksbeite klart vil svekke effekten av Regionalt miljøprogram i Rogaland, RMP. I jordbruksoppgjeret 2018 blei det vurdert å innføre «driftsvansketilskot» for å styrke areal med tungvindt drift. Jordbruksoppgjeret enda i staden opp med å styrke tilskot til bratt areal i RMP. Ein stor del av det bratte arealet som får RMP-tilskot i Rogaland er innmarksbeite, og dette utgjer om lag 8 millionar kroner i året.

Tilskot til bratt areal er enkelt å forvalte, og sikrar fordeling av tilskot mellom distrikt og sentrale jordbruksområde. Vi håper Landbruksdirektoratet tek dei sterke signala frå Rogaland til etterretning slik at denne målrette ordninga held fram.

Oppsummering av andre innspel

Vedlagt finn du Fylkesmannen sin høyringsuttale. Hovudpunkta i innspelet er:

  • Det er eit kunstig skilje mellom slått og beite i mange av ordningane. Vi viser til tilskot til grovfôrareal i produksjonstilskot der bonden vel om arealet skal haustast gjennom beite eller slått. Sett på spissen vil ein bonde gå glipp av miljøtilskot (per dekar) til viktige jordbrukslandskap dersom han vel å la arealet bli beita framfor å bli slått. Vi ber om at beiting av jordbruksareal blir sidestilt med slått.

 

  • Endringa i tilskot til slått og beiting av verdifulle jordbrukslandskap frå 2. utkast til nasjonal instruks kompliserer tilskotsordninga for både søkar og forvaltning.

 

  • Miljøvenleg gjødselspreiing. Instruksen gir svekka miljøeffekt av ordninga. Dette vil opne opp for haustspreiing av husdyrgjødsel, noko som umogleg kan vere intensjonen med tilskotet.

 

  • Motivasjonen for å reinske opp reinseparkar og fangdammar vil bli sterkt svekka.

 

  • Fylkesmannen må kunne stille vilkår om skjøtselsplan i naturmangfaldsordningane. Vi må også kunne stille krav til skjøtsel. Skjøtselsråd vil ikkje erstatte dette. Det kan ta fleire år med feil skjøtsel før det er dokumenterbart i arealtilstanden.