Regionalt miljøtilskot – viktig informasjon til søkjarane om kart

Skal du søkje om regionalt miljøtilskot? Då må du teikne alle tiltaka på nytt inn i kartet. I år kan du ikkje hente inn kartdata frå tidlegare søknadar. Vi anbefaler difor alle om å sende søknaden i god tid før søknadsfristen 15. oktober.

Ny planperiode for Regionalt miljøprogram

I nytt Regionalt miljøprogram frå 2019 har fleire av tilskotsordningane fått nye namn og vilkår. Landbruksdirektoratet har deaktivert importfunksjonen av eldre kart mellom anna på grunn av fare for feil i søknadane. Det gjer at du som søkjar får ekstra arbeid med søknaden i år. Både med å teikne i søknaden, men òg med å sette deg inn i kva som er nytt. Om det kan vere til noko trøyst, så kan du i 2020 hente kartet frå 2019.

Du kan levere søknaden i dag

Siste søknadsfrist er 15. oktober, men du kan allereie nå gå inn og levere søknaden i Altinn. Treng du hjelp frå landbruksforvaltninga i kommunen, så du vere ute i god tid.

Elektronisk søknad – tips for Rogaland

Finn fram PC’n (skjemaet er ikkje tilpassa nettbrett) og trekk pusten djupt. Søkte du i fjor, så kan det vere greitt å hente fram tilkotsbrevet du fekk i vår. På heimesida til Landbruksdirektoratet er det lagt ut ein hjelpevideo som viser korleis du fyller ut søknaden: http://guidecloud.se/landbruksdirektoratet/188.guide. Vi anbefaler å sjå videoen før du startar på arbeidet.

Søknadsskjemaet finn du her: https://www.altinn.no/skjemaoversikt/landbruksdirektoratet/soknad-om-regionalt-miljotilskudd/

Start med å teikne inn turstiar, kantsoner langs vassdrag og pollinatorsoner

Vi anbefaler å starte med å teikne inn det som krev mest detaljar, slik som turstiar, kantsoner langs vassdrag og soner for pollinerande insekt. Fortsett med kulturminne, og ta det som gjeld heile teigar og bratt areal til slutt. Dersom du disponerer fleire landbrukseigedomar må du teikne inn tiltaka på kvar eigendom. Her er nokre råd knytt til einskilde tilskotsordningar:

Turstiar

Ver merksam på at det nå berre blir gitt tilskot til den delen av turstien som går på/langs jordbruksareal (og ikkje lenger skogplantefelt og stølsvegar i utmark). Trykk på dei to små pilane øvst til venstre slik at skjermen ser slik ut:

 

Når du slår på kartlaget AR5 – Arealtype ser det kva som er definert som jordbruksareal. Jordbruksareal er det som er oransje og lysegult

Kantsoner langs vassdrag

Kantsona skal ligge på fulldyrka eller overflatedyrka areal. Dersom teigen din startar meir enn 20 meter frå vasskanten, så vil ikkje kommunen godkjenne det som ei kantsone.

Pollinatorsone

Teikne inn kvar sona går. Tilskotet blir gitt per løpemeter, og du teiknar ei linje i kartet. Dersom du har eit areal som ikkje er langt og smalt – til dømes ein liten teig, så teiknar du fleire linjer. Hugs at sona må vere minst to meter brei.

Kulturminne

Slå på kartlaget AR5-Arealtype og Fredede kulturminner. Då ser du både kva som er jordbruksareal og kva som er automatisk freda kulturminne. Du kan søkje tilskot til dei kulturminna som ligg på eller rett ved eit jordbruksareal. Teikne rundt dei kulturminna (inkludert sikringssone) som er aktuelle. Det er to ordningar. Ei der det blir gitt tilskot per gravminne, og ei der det blir gitt tilskot per dekar kulturminne. Same areal kan ikkje utløyse tilskot frå begge ordningane. Her er det lurt å sjå (i tilskotsbrevet) kor mange gravminne som blei godkjend i 2018.

Kystlynghei

Slå på kartlaget Naturtyper kystlynghei og teikne inn arealet som blir skjøtta. Dersom de er fleire føretak som beitar på same areal, så må de fordele arealet etter dyretal. Same areal kan ikkje utløyse tilskot for to ulike føretak. I søknaden må de i tillegg føre opp kor mange beitedyr som har vore på arealet, men tilskotet blir utmålt per dekar kystlynghei. Før opp vaksne dyr (lam og kalvar født i år er inkludert) og ungdyr. Arealet blir klipt mot eigedomsgrensene. Dersom det blir beita på fleire eigedomar må det teiknast inn kvar for seg. Det har vore feil i systemet knytt til at bortklipt areal blir med tilbake i søknaden, og at søkjarane for stoppmelding på grunn av at det ikkje står noko i søknadsfeltet. I slike tilfelle kan de skrive 1 i søknadsfeltet for å kome vidare.

Skjøtsel av biologisk verdifulle areal

Her blir det gitt tilskot til Naturbeitemark, Hagemark og beiting av myr. På Temakart-rogaland.no/rmp kan du sjå kvar desse areal er. Du vil og sjå dei når du slår på Naturtyper i søknadskartet, men det vil også inkludere andre areal som ikkje gir tilskot. Du teikner inn dei areala du har gjort skjøtsel på, og som er registrert med rett naturtype.

Skjøtsel av styvingstre

Nytt i år er at det blir gitt tilskot det året trea blir styva. Teikne ein prikk i kartet der treet du har styva er.

Miljøvenleg gjødselspreiing

Skal du søkje tilskot til både nedlegging/nedfelling og slepeslangar må først teikne nedfelling/nedlegging. Her kan du anten teikne i kartet eller velje heile teigen ved å klikke på den. Når det er gjort kan du merke av kvar du søkjer tilskot til slepeslangar/ tilføringsslangar.

Bratt areal

Vel eigedomen du skal søkje for og teikne grovt kring heile garden. Kartet blir automatisk klippa mot eigedomsgrenser og bratt areal. Innteikningane på areal du ikkje disponerer må du aktivt slette i etterkant. Du kan berre få miljøtilskot til areal du får produksjonstilskot for. Dersom du får feilmelding i søknaden på grunn av det står 0 i "ikkje klassifisert areal", før opp 1 dekar der slik at du kan kome vidare i søknaden.  

Kan eg sjå kartet frå 2018?

Som søkjar kan du ikkje sjå kartet frå 2018 i den elektroniske søknadsportalen. Du kan på Temakart-Rogaland/rmp https://www.temakart-rogaland.no/rmp sjå søknadsdata frå 2018, 2017 og 2016. Zoom deg inn til det aktuelle området og slå på dei ulike tiltaka. Saksbehandlarar i kommunen kan sjå karta frå tidlegare søknadsomganger, men heller ikkje dei kan importere tiltaka til nye søknadar i 2019.