Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram

Søknadsmateriell for Regionalt miljøprogram 2015 er no klart. Vi ber søkjarane merke seg at søknadsfristen er flytta fram til 20. august.

Rogaland har i 2015 32 millionar kroner til landbruksføretak som gjer ein ekstra miljøinnsats. Tilskota går til tiltak som kan fremje følgjande miljømål:

  • Redusere forureininga til vatn og luft
  • Ivareta kulturlandskap og kulturminne
  • Tilretteleggje for friluftsliv
  • Ivareta biologisk mangfald

Frå 1. august kan søknadene anten leverast elektronisk via Altinn eller på papir til kommunen. Søkjarane må sette seg inn i vilkår for tilskot. Vilkåra er å finne i rettleiingsheftet. Feilopplysningar i søknaden kan føre til at tilskotet blir avkorta.