Regionalt miljøprogram 2013

Skjema, informasjon og rettleiing til søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram er no klart. Frist for å søkje er 1. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.06.2013

Nytt er at det frå 1. august kan søkjast tilskot via internett på www.slf.dep.no. Vi anbefalar at det først søkjast om produksjonstilskot, og at søknad om RMP avventast litt slik at data frå produksjonstilskotssøknaden er tilgjengeleg i søknadssystemet. Eventuelle papirsøknadar skal leverast landbruksforvaltninga i den kommunen søkjar bur i.

Dei fleste tiltaka skal teiknast inn i ein digital kartportal som er tilknytt søknadssystemet. Dette skal gjerast i samband med søknaden. Einskilde ordningar gjeld berre i geografisk avgrensa område. Kartportalen: www.temakart-rogaland.no/rmp vil vise avgrensingane.  

Nytt frå 2013 er innføring av meny-system. Alle fylka må velje ordningar ut i frå ein definert meny i Nasjonalt miljøprogram. Det førar med seg ein del endringar. Namn og eining for utmåling følgjer menyen, og det er ikkje lengre mogleg å ha trappesatsar. Hovuddelane av Regionalt miljøprogram for 2008-2012 er ført vidare, og dei fem målområda er dei same:

  • Ivareta prioriterte kulturlandskap
  • Fremje biologisk mangfald
  • Ta vare på kulturminne
  • Minske arealavrenninga frå jordbruket
  • Gi opplevingar av kulturlandskapet til befolkning

Dei største endingane i 2013 -2016 er:

  • Fleire av tilskota har fått nye namn
  • Tilskot til vedlikehald av stølsbygningar er tatt ut
  • Det er ikkje mogleg å gi tilskot til beite/fri -område for gås og svane
  • Tilskot til grubbing går ut
  • Tilskot til parkeringsplassar tilknytt turstiar går ut
  • Det blir ikkje differensiert mellom innmarksbeite og fulldyrka areal i tilskot til skjøtsel av bratt areal.
  • Tilskot til bratt innmarksbeite FINK går ut
  • Det blir innført tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
  • Tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel blir ein del av regionalt miljøprogram
  • Ordninga med miljøavtale blir utvida til å omfatte fleire definerte vassdrag. Det er ikkje lengre mogleg å gi tilskot til innmarksbeite .

Fylkesmannen vil i løpet av juni sende søknadsmateriell til dei som søkte tRMP-tilskot og tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel i 2012.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.