Hundeportar - ny ordning i 2016

Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016  supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2016

Fylkesmannen opplever at turstiane omkring i fylket blir mykje brukt. Mange turgåarar har meldt inn at deira hund har problem med å forsera ei gjerdeklyvar. No føreligg det ei løysing på denne utfordringa. Mot slutten av 2015 fekk Fylkesmannen utvida produksjonsavtalen på gjerdeklyvarar med Sandnes Pro-Service og Vindafjord aktivitetshus til òg å omfatte hundeportar.

Ordninga med gjerdeklyvarar er dermed supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar. Prosedyren for søking og henting av hundeportar blir den same som for ordninga med gjerdeklyvarar.

Her finn du søknadsskjema for gjerdeklyvarar og hundeportar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument