15. november er frist for å søke tilskot til organisert beitebruk

Sau på utmarksbeite i Viglesdalen
Sau på utmarksbeite i Viglesdalen (Foto: Monica Dahlmo)

Kvart år blir over 110 000 sau slopne ut på utmarksbeite i regi av eit beitelag. Beitelaga får regionalt miljøtilskot til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Frist for å søke er 15. november.  

Beitelagsleiaren eller ein annan ansvarleg for beitelaget skal søke elektronisk via Altinn. Her skal alle medlemma i beitelaget leggast inn med tal slopne og sanka dyr. Nytt i 2019 er at tilskotet blir berekna ut frå tal slopne dyr. Beitelaget skal normalt sende søknaden til den kommunen der hovuddelen av beitinga skjer.

Tilskotet skal gå til fellestiltak

Beitelaget skal bruke alt regionalt miljøtilskot til å fremme den organiserte beitebruken gjennom fellestiltak. Det er kostnadskrevande å ha sau på utmarksbeite. Kvar veke skal beiteområdet synfarast slik at unormale tilhøve blir oppdaga. Det er også mykje arbeid med sanking og ettersanking av dyr. Tilskotet skal gå til fellestiltak. Det er ikkje høve til å fordele tilskotet jamt til medlemane som eit ekstra beitetilskot. Same beitelag kan heller ikkje få tilskot til dei same dyra frå to fylke. 

Kommuane godkjenner tilskot

Dei endelege tilskotssatsane blir sett i januar ut frå søknadsomfang og økonomisk ramme. Det blir gjort av Fylkesmannen i samråd med faglaga. Kommunane behandlar søknadar om tilskot. Godkjende søknadar blir utbetalt 12. mars 2020, og vedtaksbrev blir gjort tilgjengeleg i Altinn i tida frå 29. februar til 12. mars.