15. november er frist for å søke tilskot til drift av beitelag

På veg heim frå utmarksbeite.
På veg heim frå utmarksbeite.

Beitelaga i Rogaland får 20 kr i tilskot for kvart heimsanka dyr, og no nærmar søknadsfristen 15. november seg raskt.

Det er leiaren for beitelaget som skal sende inn elektronisk søknad om tilskot. Søknaden skal sendast til den kommunen beitelaget er registrert i.

Målet med tilskot til organisert beitebruk er å leggje til rette for best mogleg bruk av utmarksbeite, redusere tap av dyr og sikre dyrevelferd gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak