Tilskot til drenering av jordbruksjord blir dobla frå 1. juli 2017

No kan bøndene få 2000 kr per dekar for å drenere.
No kan bøndene få 2000 kr per dekar for å drenere.

1. juli 2017 blir tilskotet til drenering dobla til 2 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting er satsen auka til 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2000 kr per dekar.

«Forskrift om tilskudd til drenering av jordbruksjord» blei vedteken av Landbruks- og matdepartementet (LMD) 26.06.2013. Etter jordbruksoppgjeret 2017 vil forskrifta bli revidert med dei nye vedtekne tilskotssatsane.

God drenering avgjerande

Det har så langt i 2017 vore ei vekstsesong med jamt mykje nedbør. Mange bønder har grunna vanskelege innhaustingsforhold, hatt ein svært sein 1. slått. Auka dreneringsinnsats er eit av fleire heilt naudsynte tiltak for mellom anna å sikre gode tilhøve for alt arbeidd med innmarka, god utnytting av tilført næring, betre plantevekst, redusert jordpakking og avrenning, redusert klimagassutslepp frå innmark og god utnytting av vekstsesongen.

Planlegg du å sette i gang eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra kan du fylle ut søknadsskjemaet utarbeida av Landbruksdirektoratet. Legg ved kart, plan for dreneringa, miljødokumentasjon, og send dokumenta til landbrukskontoret i kommunen der arealet som skal drenerast ligg.

Allereie fått løyving med tidlegare tilskotssats?

Har du fått løyvd tilskot til drenering før 01. juli 2017 og ikkje har starta arbeidet, kan du sende inn ei skriftleg oppmoding til ditt lokale landbrukskontor om å fatte nytt vedtak på bakgrunn av dei nye satsane. Det er heilt avgjerande at du ikkje har starta på arbeidet med dreneringa.

Fleire kan få tilskot

Rogaland hadde om lag 5,4 mill. kr til disposisjon i 2017. Sommaren 2017 står det at att om lag 4 mill. kr i unytta midlar, - som berre venter på søkjarar.