Tilskot til bygging av gjødsellager

Biogass Åna kretsfengsel
Biogass Åna kretsfengsel

I 2015 kan føretak i nedslagsfeltet til prioriterte vassdrag søkje tilskot frå Innovasjon Norge Rogaland til å byggje gjødsellager.  

God lagerkapasitet vil minske spreiinga av husdyrgjødsel i ytterkantane av vekstsesongen, og er dermed eit tiltak som kan betre vasskvaliteten i jordbruksområde. 

Det er føretak som har driftssenter i nedslagsfeltet til følgjande vassdrag som kan søkje tilskot:

  • Vatsvassdraget
  • Hålandsvatnet
  • Skas Heigre
  • Timebekken
  • Håelva, inkludert Tverråna
  • Nordre Varhaugsåna
  • Søndre Varhaugsåna

Ordinært krav til lagerkapasitet er 8 månader; jamfør forskrift om organisk gjødsel.  For å få tilskot må føretaka byggje til 12 månaders lagerkapasitet, og dei må ta høgde for at 12 månaders-kapasiteten skal halde i 10 år etter avslutta bygging. Det blir ikkje gitt tilskot til å utvide lagerkapasiteten for å utvide produksjonen frå dagens nivå. Skal produksjonen utvidast på eit seinare tidspunkt, må det skaffast tilsvarande lagerkapasitet for å tilfredsstille kravet om 12 månaders lagerkapasitet.

Krav til søknaden frå Innovasjon Norge Rogaland er dei same som gjeld til alle søknadar. Det vil seie at søkjarane må ha ein driftsplan, og dei må søkje gjennom internettportalen på Innovasjonnorge.no.

Søkjarane må også inngå ein skriftleg avtale om å oppretthalde 12 månaders lagerkapasitet i 10 år fram i tid.

 Interesserte kan ta kontakt med Innovasjon Norge Rogaland. Tel: 22 00 25 00.

Kontaktpersonar