Tilskot til bygging av gjødsellager i 2017

Det er i 2017 mogleg å søkje Innovasjon Norge om tilskot til bygging av gjødsellager for husdyrgjødsel. Ordninga gjeld for føretak i nedslagsfelta til utvalde vassdrag. Søknadsfristen er 1. mars, og då må nødvendige tillatingar frå kommunen vere på plass.

Det er satt av om lag 2 millionar kroner av dei bedriftsretta landbruksmidlane. Det kan bli gitt støtte til inntil 30 % av kostnadsgrunnlaget med eit maksimalt tilskotstak på kr 150 000. Det er to ulike støtteordningar; tilskot til bygging av satelittlager, og tilskot til bygging av gjødsellager for føretak med miljøavtale i Regionalt miljøprogram.

Tilskot til bygging av satelittlager for husdyrgjødsel.

Eit satellittlager for husdyrgjødsel er her definert som eit gjødsellager som kjem i tillegg til føretaket sitt hovudlager knytt til driftssenteret.  Målsetnaden med tilskotet er å stimulere til rett fordeling av husdyrgjødsla på bruk med spreieareal relativt langt frå driftssenteret. Lageret skal vere plassert nær spreieareal. Storleiken på lageret skal vere tilpassa spreiearealgrunnlaget. Lageret skal vere plassert slik at det avhjelper driftsmessige ulemper med stor avstand mellom driftssenter og jordbruksareal.

Føretaket må etter ferdig utbygging ha kapasitet til lagring av gjødsla frå heile husdyrproduksjonen i driftseininga i 12 månadar. Tilskotet blir berre gitt til føretak som har jordbruksareal i nedslagsfeltet til følgjande vassdrag:

Vannområde Jæren:

  • Håelva
  • Kvassheimsåna
  • Figgjovassdraget
  • Orrevassdraget
  • Hålandsvatnet
  • Storåna- og Stangelandsåna
  • Nordre Varhaugselv og Søndre Varhaugselv
  • Deler av Ims- Lutsivassdraget; Dypingen, Lutsivatnet, Kyllesvatnet, og Grunningen
  • Hafrsfjord m/bekkefelt 

Vannområde Haugalandet:

  • Vatsvassdraget og Åmselva
  • Vikedalsvassdraget

Tilskot til bygging av gjødselager for føretak med miljøavtale i Regionalt miljøprogram

Føretak som har jordbruksareal i nedslagsfeltet til utvalde vassdrag kan teikne miljøavtale. Miljøavtalen gir rett til regionalt miljøtilskot fastsett i Regionalt miljøprogram. Tilskotet til bygging av gjødsellager bygger på eksisterande ordning.

Føretaket må etter ferdig utbygging ha 12 månadars lagerkapasitet ut i frå dagens produksjonsvolum. Føretaket forpliktar seg til å ha 12 månadars lagerkapasitet 10 år fram i tid. Skal produksjonen utvidast på eit seinare tidspunkt må det skaffast tilsvarande lagerkapasitet for å tilfredstille kravet om 12 månadars kapasitet.

 Det kan i 2017 teiknast miljøavtale i nedslagsfeltet til følgjande vassdrag:

  • Hålandsvatnet i Randaberg kommune og Stavanger kommune (trinn 2, 2016-2018)
  • Timebekken i Time kommune (trinn 2, 2016-2018)
  • Nordre og Søndre Varhaugsåna i Hå kommune (trinn 2, 2016 -2018)
  • Tverråna i Time kommune og Hå kommune (trinn1, 2015-2017)
  • Vatsvatnet og Landavatnet i Vindafjord kommune (trinn 2, 2015 -2017)
  • Salteåna i Klepp kommune, Time kommune og Hå kommune (trinn 1, 2016-2018)
  • Stangelandsåna og Storåna i Sandnes kommune (trinn 1, 2016-2018)
  • Utvalde bekkefelt i Finnøy kommune (trinn 1, 2016 -2018) 

Godkjenning frå kommunen

Kommunen skal godkjenne plasseringa av gjødsellageret etter plan- og bygningslova § 29-4. I val av plassering skal det bli tatt omsyn til dyrka jord, landskap og arrondering. Etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 20 skal kommunen godkjenne plan for nybygg, utvidingar eller utbetring av lager for husdyrgjødsel. Lageret skal ikkje bli tatt i bruk før det er kontrollert og godkjend av kommunen. Kommunen skal også gi ein uttale til søknaden om tilskot.

Nødvendige vedlegg til søknaden

Innovasjon Norge forventer at det blir søkt elektronisk. Frist for å søkje er 1. mars. Søknader om tilskot vil bli behandla etter at søknadsfristen er gått ut. Dette skal følgje med søknaden om tilskot:

  • Oversikt over eksisterande lagerkapasitet for husdyrgjødsel
  • Berekning av behov for lagerkapasitet basert på mengd produsert gjødsel, tilføring av vaskevatn, regnvatn (ved open kum)
  • Tilbod/kalkyle over investeringa
  • Kart som viser plassering av gjødsellager i forhold til spreieareal for husdyrgjødsel
  • Kommunen sin godkjenning etter plan og bygningslova og etter forskrift om organisk gjødsel
  • Tillegg for C: Inngått miljøavtale