Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

For å auke oppslutninga om leveranse av husdyrgjødsel til biogassanlegg, er satsane  i forskrift om tilskot til levering av husdyrgjødsel dobla frå 1. januar 2016. 7 mill. kroner står disponibelt i denne ordninga i 2016.

Tap av metan ved lagring av husdyrgjødsel utgjer ein stor andel av klimagassutsleppa frå jordbruket. Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg bidrar til å reduserer slike utslipp, samstundes som gassen er ei energikjelde. Tilskotet kan gis til jordbruksføretak som leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg. Satsane er dobla frå 1. januar 2016, - til 60 kroner pr. tonn.


Nærare informasjon om denne tilskotsordninga finn du på Landbruksdirektoratet sine nettsider.

Kontaktpersonar