Spreiing av husdyrgjødsel våren 2013

Vent med spreiing av husdyrgjødsel til frosten og tela har gått.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2013

Det har vore ein tradisjon i dei lågare områda i Rogaland å starte spreiinga av husdyrgjødsel frå midten av mars. Vinteren har enno ikkje gitt slepp på kulda og våren lar vente på seg  i heile Rogaland. Trass i mange dagar med klarvêr har det ikkje vore temperaturar til at våren har fått fotfeste i Rogaland enno. Det blir framleis varsla om minusgrader i heile Rogaland, førebels fram til slutten av mars. Av den grunn vil det enno ta tid før frosten og tela i bakken vil tine så mykje at kulturplantene kan vakna til ein ny vekstsesong.

Mange gjødsellager rundt om i fylket er fulle. Så lenge det er frost og tele i jorda, er det etter husdyrgjødselforskrifta § 23, likevel ikkje opning for å spreie husdyrgjødsel på godkjend spreieareal. Fylkesmannen vurderer det slik at jorda står lagleg til for spreiing av husdyrgjødsel når minst 15 cm av det øvste jordlaget har tint opp.

Med dagens fokus på rett bruk av husdyrgjødsel oppmodar fylkesmannen bøndar og forvaltninga rundt om i kommunane til å ta dei rette grepa for å sikre at bruken av husdyrgjødsla er innanfor ramma av husdyrgjødselforskrifta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar