Søk om regionalt miljøtilskot i 2014

Søknadsmateriell for søknad om tilskot frå Regionalt miljøprogram i 2014 er no klart. Merk at det i år ikkje vil bli sendt ut papirsøknadar.

Søkjar må anten levere søknad på Internett, eller skrive ut papirsøknad og levere søknaden til kommunen. Frist for å søkje er som tidlegare 1. oktober. Frå 1. august kan du levere søknaden din på Internett via Altinn. Sjå www.slf.dep.no.

Dei fleste tiltaka skal teiknast inn i kart. Søkte du i 2013 vil du kunne hente inn karta frå 2013 slik som kommunen godkjende dei. Er det ingen endringar er det difor ikkje nødvendig å teikne inn tiltaka på nytt. Fleire av ordningane gjeld berre bestemte geografiske område. På www.temakart-rogaland.no vil du kunne sjå avgrensingane.

Det er gjort nokre endringar i Regionalt miljøprogram i 2014 samanlikna med 2013. Nokre av endringane er:

  • Endringar i førebelse tilskotssatsar
  • Tilskot til utegangarsau er tatt bort
  • Det er innført krav til at plan for skjøtsel av kystlynghei og naturbeitemark skal vere kvalitetssikra av eigna faginstans
  • Endringar i tilskot til kulturminne