Søk om klima- og miljømidlar

15. september og 15. februar er frist for å søkje Statens landbruksforvaltning om prosjektmidlar frå Klima- og miljøprogrammet.

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til auka kunnskap og kompetanse om miljøutfordringar, klimagassutslepp og klimatilpassing i jordbruket. Søknadsfristen 15. februar gjeld først og fremst verksemnder som arbeider med kunnskapsutvikling og/eller kunnskapsoverføring innan klima- og miljøutfordringar i jordbruket. Slike verksemder kan vere:

  • landbruksføretak eller andre bedrifter
  • fag- eller næringsorganisasjonar
  • kompetanseføretak, utgreiings- og forskingsmiljø

Les meir på heimesida til Statens landbruksforvaltning: www.slf.dep.no