Særordning med tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland!

Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. Veret dette året har gitt oss ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg i område langs utsette vassdrag.

Dette var ingressen i ein artikkel Anfinn Rosnes skreiv i Bondevennen denne veka. Mange bønder vil få store utfordringar med kapasitet i gjødsellageret denne vinteren. Artikkelen er skriven for å motivere til å utvide gjødselagerkapasitet, som både er god økonomi og agronomi.

Mellombels særordning med tilskot til gjødselager i heile Rogaland

Det har vore ein tett dialog mellom næringa, rådgjevinga og forvaltninga om korleis vi skal handtere den akutte utfordringa vi nå står føre. Nå er det ikkje lenger tillate å spreie gjødsel dette året, og det er vanskeleg å sjå føre seg at det vil vere forsvarleg å spreie ut gjødsel allereie 15. februar.

Partnarskapen har grunna denne heilt spesielle situasjonen blitt samd om å utvide ordninga med tilskot til gjødselager til å gjelde heile Rogaland. Det vil vere eit tilskotstak på kr 100 000,-. Innovasjon Norge vil behandle sakene fortløpande, men ordninga har ein søknadsfrist den 10.12.2107.

Bygg lager nå!

Bønder i Rogaland er kjende for å følgje med i utviklinga, og helst ligge litt i forkant av det som kjem. Det er mange utfordringar og investeringsbehov i næringa, men vi kjem ikkje utanom bygging av gjødsellager denne vinteren. Og med nemnte tilskot blir dette ekstra gunstig.

Kopi av Artikkel i Bondevennen og brev om særordninga finn du i høgremargen.