SMIL og drenering 2015

Brenning av lyng
Brenning av lyng

Vilje til å vedlikehalde miljøverdiane i kulturlandskap ut over lovpålagde oppgåver, skal vere utløysande for å få løyvd tilskot. Med reduserte nasjonale rammer innan Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), fekk Rogaland tildelt 8 millionar i 2015 mot 10,5 millionar året før.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.02.2016

Meir til tiltak innan ureining

Rogaland fekk tildelt 8 mill. i SMIL-midlar i 2015. Med unytta og inndratte midlar i 2014 hadde Rogaland totalt 11,35 mill. til disposisjon i 2015. Løyvingane til SMIL-tiltak i 2015 var 9,8 mill. Dette blei fordelt på 173 søkjarar. I 2015 har det vært ein betre balanse på fordelinga av SMIL-midlar innanfor miljøområdet enn i tidlegare år.

Tiltak innan ureining og vassforskrifta fekk eit særskilt fokus i Rogaland i 2015. Løyvingar til tiltak mot ureining var på 29,6 % av den totale potten. Dette er ei tridobling samanlikna med 2014 (9,8 %). Målet på minst 25 % av midlane til ureiningstiltak for 2015 blei nådd.

Kommunane blei oppmoda til å motivere til tiltak mot ureining på tvers av grunneigedomar. Kommunane Sandnes, Klepp og Finnøy satsa på overordna samordningstiltak mot ureining i 2015. Bønder innanfor desse planane har søkt/vil søkja på SMIL mot ureining i 2015 og 2016. Målet om å motivere fleire kommunar til aktiv innsats mot ureining er nådd. Andre kommunar på Jæren blei inspirert av satsinga, og signaliserer ein innsats på dette området i 2016.

Tiltak og skjøtsel i område med viktige naturverdiar

Skjøtsel av kystlynghei dominerte i 2015, og løyvingane til dette er spreidd over heile fylket. Tiltak for å ivareta åkerriksa blei vidareført i 2015 gjennom eit spleiselag mellom SMIL og midlar frå Miljødirektoratet. Totalt sett var det ein reduksjon i løyvingar til restaurering av bygningar, og ei merkbar auke i løyvingar til biologisk mangfald.

Symbiose mellom SMIL og Regionalt miljøprogram (RMP)

Skjøtsel- og vedlikehaldskrav i RMP vil i mange høve sikre at SMIL-investeringar blir ivaretekne og vedlikehalde. Denne «symbiosen» er særs viktig for å gi heilskap i tilskots-ordningane SMIL og RMP. SMIL er en god innfallsport til positive tiltak for kulturland-skapet, restaurering av habitat for biologisk mangfald, gjennomføre ureiningstiltak og tilrettelegging for friluftsliv. I dag ligg minst 732 km med kartfesta turstiar på innmark i Rogaland under RMP-ordninga. Den jamne aktiviteten på ordninga med gjerdeklyvarar viser at turstiane over heile fylket er godt brukt.

I 2015 kom det fram at fleire kommunar må oppdatere sine SMIL-strategiar. Vedtak etter SMIL-forskrifta utan ein politisk godkjend SMIL-strategi er å sjå på som eit ugyldig vedtak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Dokument