No kan du søkje regionalt miljøtilskot

No er det tid for å søkje tilskot frå Regionalt miljøprogram i Rogaland. Du kan levere søknaden elektronisk via Altinn, eller på papir til landbruksforvaltninga i din kommune. Siste frist er 20. august.

Vi anbefaler å søkje elektronisk. Då kan du bruke igjen kartteikningane frå 2014 eller 2013 uansett om du søkte på papir eller elektronisk. Du får fortløpande tilbakemelding på om du har fylt ut skjemaet riktig, men hugs at du må setje deg inn i vilkåra for tilskot. Feilopplysningar i søknaden kan føre til tap av tilskot. Har du spørsmål ber vi deg ta kontakt med landbruksforvaltninga i din kommune.

Rettleiingsmateriell og søknadsskjema for papirsøknad finn du i høgre marg. Her kan du gå til elektronisk søknadsskjema

Gå til søknadsskjema

 

Klikk på bilete under for å sjå video om korleis du kan søkje.

 

Aktuelt

Regionalt miljøprogram er eit økonomisk verkemiddel over jordbruksavtalen. Programmet bygger på Nasjonalt miljøprogram, og er fastsett av Fylkesmannen i Rogaland i samråd med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag