Miljøplan i landbruket - historie og innhald

Under jordbruksforhandlingane i 1999 valde landbruket miljøplan framfor å betale miljøavgift på mineralgjødsel.

 

Arbeidet med Kvalitetssikring i Landbruket (KSL) starta i 1992 - 1993. Satsinga var eit ledd i å betre konkurransestrategien for norsk mat. "Miljø og ressursplan" i KSL, forløparen til dagens miljøplan, vart dermed innført som ei frivillig ordning i landbruket i 1995. Nå hadde bønder eit middel til å kunne dokumentere ein forsvarlig landbruksproduksjon ovanfor forbrukarar, marknad og myndigheiter. KSL stilte krav til mellom anna sprøytesertifikat, årleg gjødslingsplan, og til gjennomføring av tiltak innan helse, miljø og tryggleik. Varemottakarar kunne samordne mottak og marknadsføring av landbruksprodukt gjennom KSL.

Auka satsing på miljø var eit sentralt tema under jordbruksforhandlingane i 1999
Det var viktig å vise for samfunnet, bondens innsats som matprodusent og arealforvaltar. Avtalepartane vart samde om å fjerne avgifta på mineralgjødsel under føresetnad av at bøndene godtok å innføre eit miljøprogram i landbruket. Miljøprogrammet skulle integrerast i KSL.

I 2003 vart "Miljø og ressursplan" erstatta med "Miljøplan i landbruket" i KSL
Miljøplan trinn 1 skal både vise dei samla ressursane på ein gard og skal òg vere bonden sin dokumentasjon på drift og produksjon. Med hjelp av ei sjekkliste for miljøplan som skal fyllast ut innan 15. november, skal bonden sjølv foreta ein eigenkontroll av eigen produksjon og miljøsatsinga på garden. Omsyn til mellom anna ureining, biologisk mangfald, kulturlandskap, kulturminnar og næringsutvikling er viktige stikkord i sjekklista. Ved avvik frå gjeldande lovverk skal bonden planleggje, prioritere og gjennomføre nødvendige tiltak snarast råd.

Miljøplan trinn 2 er ein plan for gjennomføring av tiltak innan kulturlandskap og miljø som ligg ut over det som er lovpålagd. Innhaldet i miljøplan trinn 2 er målsettingar for tiltak, plan for kva som skal gjerast og til slutt, dokumentasjon på at tiltaket er utført.

Miljøplan, SMIL og RMP
I dag er miljøplan trinn 1 og trinn 2 bondens viktigaste innfallsportar til investeringstilskot til "spesielle miljøtiltak i landbrukets kulturlandskap" (SMIL-tilskot) og tilskot gjennom "regionalt miljøprogram" (RMP-tilskot). Forvaltninga legg opp til at bruken av SMIL-tilskot og RMP-tilskot så langt som råd, skal utfylle kvarandre etter nasjonale målsettingar for arbeid med miljø.

Vi viser til ein artikkel i Bondevennen nr. 11. 2013 om miljøplan skriven av Torbjørn Ruud i Haugaland Landbruksrådgjeving, sjå under "Relaterte dokument" oppe til høgre.

Kontakt ditt lokale landbrukskontor dersom du har spørsmål om miljøplan, SMIL eller RMP.