Kurs i bygging av reinseparkar

Torsdag 28. februar er det kurs i bygging av reinseparkar. Målgruppa er entrepenørar som står for bygging av parkane, og kommunen som vurderer og godkjenner prosjekt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.02.2013

 

Tid og stad: Torsdag 28. februar kl 09-15 på Jærmuseet på Nærbø.
Påmelding: Seinast tysdag 19. februar til vindar.ausen@time.kommune.no
Gratis for målgruppa

 

Reinseparkar er eit viktig tiltak for å fange opp næringsavrenning til vassdrag. Prinsippet er å endre vassløpet slik at vasstraumen bremsar opp. På den måten får fosforrike partiklar tid til å falle ned til botn, og lagrast der.

På Jæren er det allereie etablert mange reinseparkar, og forvaltninga ser det ønskeleg å formidle kunnskap om kva som er viktig for å sikre god kvalitet og reinseeffekt. Både erfarne og uerfarne aktørar er velkomne.

Forvaltninga vil ved tildeling av tilskot leggje vekt på at aktørane har nok kunnskapar om reinseparkar, og at dei har delteke på kurs.

Kurset er gratis og vert arrangert av Jæren vannområde i samarbeid med Time kommune og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar