Krav til gjødslingsplan ved ekstensiv drift

Kravet til gjødslingsplan kjem når føretaket har jordbruksareal, og kan søkje produksjonstilskot. Ein del med sau har einsidig eng-produksjon og relativt svak gjødsling. Kommunane kjem då fort inn i ei vurdering av kravet til gjødslingsplan.

Vi har her forsøkt å skissere opp kommunen sitt handlingsrom. Så lengje føretaket
har mindre enn 5 gjødseldyr-einingar, GDE, kan kommunen anten gi:

  • Dispensasjon for fleirårig gjødslingsplan (inntil 5 år)
  • Dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan

Dispensasjon for fleirårig gjødslingsplan

Der det er ein enkel driftsform og føretaket ikkje har meir enn 5 GDE (eller tek i mot husdyrgjødsel frå andre) kan kommunen gi dispensasjon for ein fleirårig gjødslingsplanen.

Planen kan gjelde inntil 5 år. Føretaket må då søkje kommunen. Saman med søknaden skal dei leggje ved gjødslingsplanen. Eit typisk tilfelle i Rogaland er føretak med mindre enn 35 sau, langvarig eng og som ikkje tek i mot husdyrgjødsel frå andre. Her kan kommunen gi dispensasjon for femårig plan. Merk at kravet om å ta representative jordprøvar gjeld sjølv om planen er fleirårig.

Dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan

Fritak frå kravet om gjødslingsplan kan berre bli gitt når areala blir drive svært ekstensivt. Gjødslinga skal vere under 50 % av normal gjødsling.

Tilrådd gjødsling på (god) eng med forventa avlings-nivå på 1100-1250 kg tørrstoff er ca. 30 kg N. Eit typiske tilfelle er på bruk der sauen beiter ute store delar av året, og der det blir tilført lite gjødsel utanifrå. Også her kan føretaka ikkje ha meir enn 5 GDE.

I begge tilfella må kommunen gjere ei fagleg vurdering. Generelt sett ønskjer vi ei restriktiv haldning til dispensasjonar. Det er mykje husdyr-gjødsel tilgjengeleg i fylket, og det er ønskeleg med ei god fordeling av bondens gull.

Fylkesmannen kan i særlige tilfelle dispensere frå krav til gjødslingsplan også for føretak som har meir enn 5 GDE.

Oversikt over kor mange dyr det går på ein GDE finn de i forskrift om organisk gjødsel, vedlegg 2: