Høyring av lokal forskrift om avgrensing av spreieperioden for organisk gjødsel

Blir forslaget om lokal forskrift vedteke, må husdyrgjødsla på Jæren bli spreidd før 1. september. Åtgangen til å spreie husdyrgjødsel med nedmolding etter 1. september fram til 1. november blir fjerna. Det er utfordringane med vasskvaliteten i Jærvassdraga som er bakgrunnen for at kommunane på Jæren no føreslår innstrammingar i regelverket. 

Kommunane kan i område med fare for alvorleg forureining forby bruk av organisk gjødsel etter 1. september.

Forslag frå Jæren vannområde

Jæren vannområde omfattar kommunane; Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sola, Sandnes, Stavanger og Randaberg. Jæren vannområdeutval består av representantar frå fylke og kommunane, og skal sikre lokal forankring av arbeidet med vassforskrifta. Politikarane i Jæren vannområde vedtok 14. desember 2016 å oppmode kommunane i vannområdet om å stramme inn på spreievindauget for husdyrgjødsel.

Alle kommunane har no vedteke å sende forslaget ut på felles høyring. Høyringa blir administrert av Jæren vannområde. Eventuelle merknadar og kommentarar kan sendast til Jæren vannområde ved postmottak@klepp.kommune.no eller til Klepp kommune, postboks 25, 4358 Kleppe innan 08.09.2017