Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er utsett til 1.september

Mykje nedbør gjer at fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er utsett.
Mykje nedbør gjer at fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er utsett.

Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er på nytt utsett på grunn av alt regnet. Utkøyring av husdyrgjødsel på vassmetta jord gir fare for overflateavrenning, og Fylkesmannen finn det rett å utsette fristen slik at gjødslinga kan skje under meir laglege forhold.

Fristen gjeld jordbruksføretak som søkjer tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing gjennom Regionalt miljøprogram i Rogaland.