Felles satsing for reinare vassdrag på Jæren

Eit samla Jæren går inn for at ”Olav og Olaf” skal halde fram arbeidet med frivillige jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten. I eit av Noregs mest intensive jordbruksområde er næringsavrenning til vassdraga eit stort problem.

Olaf Gjedrem og Olav Husveg har sidan 2003 vore prosjektleiarar i ”Frivillige tiltak i landbruket”. Her er målet er å få bønder til å gjere store og små tiltak slik at påverknaden frå jordbruket blir redusert. Det heile er basert på frivillige tiltak som t.d. redusert fosforgjødsling, betre utnytting av husdyrgjødsla, ugjødsla randsoner og miljøavtalar. Bøndene får tilskot frå regionalt miljøprogram for å vere med på innsatsen. Reint vatn der ein kan bade og fiske er eit samfunnsgode som mange er opptekne av.

Det har i lang tid vore arbeidd for å betre vasskvaliteten på Jæren. Det har skjedd mykje positivt dei siste åra, men det er ennå eit stykke igjen før  måla er nådd. Gjennom vassforskrifta blir det sett miljømål for vasskvaliteten i alt ferskvatn. Jæren vannområde lagar no tiltaksprogram som viser kva det blir arbeidd med. 

Nyleg blei det vedteke at prosjektet skal forlengast ut 2015. Dette er ei felles satsing der kommunane Hå, Time, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger og Randaberg, Fylkesmannen i Rogaland og Rogaland fylkeskommune bidreg.

Les prosjektomtalen her

Kontaktpersonar

Aktuelt

Olaf Gjedrem, mob: 930 63 697

Olav Husveg, mob: 416 90 317