Bønder som vil spreie husdyrgjødsel etter 1. september må søkje dispensasjon

Lortaspreiing på Jæren
Lortaspreiing på Jæren

Kravet om å søkje dispensasjon gjeld dei som vil spreie husdyrgjødsel på grasmark utan å molde ned gjødsla. Det er kommunen behandlar søknadane.

For å behandle søknaden treng kommunen informasjon om:

  • tidsrom
  • kva areal søknaden gjeld for
  • mengd husdyrgjødsel som er tenkt spreidd
  • kor mykje husdyrgjødsel som allereie er spreidd på areala  

Fylkesmannen anbefaler at bøndene tek skriftleg kontakt med kommunane, og til dømes bruker e-post.

Kommunen må behandle søknadane etter forskrift om organisk gjødsel. Dei kan sette vilkår for godkjenninga. Til dømes krav om avstand frå opent vatn. Kommunane har ikkje anledning til å gi ei generell utsetting av fristen.

Dei som moldar ned husdyrgjødsla, eller nyttar utstyr for nedfelling kan gjere det fram til 1. november.

Fylkesmannen minner om at all bruk av husdyrgjødsel skal gå fram av gjødslingsplanen. Husdyrgjødsel spreidd tidleg i vekstsesongen gir best effekt som plantenæringsstoff. Spreiing av husdyrgjødsel utover hausten utgjer ein større risiko for tap av næringsstoff til vassdrag.