Bønder i Rennesøy og Tysvær kan no søke tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing

Styringsgruppa for Regionalt miljøprogram i Rogaland har utvida tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing. No kan bønder i Vindafjord, Tysvær, Rennesøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå søkje tilskot når dei brukar spreieutstyr som anten legg husdyrgjødsla direkte på bakken, eller skyt det ned i bakken.

Aukande interesse

I 2017 var det til saman 324 føretak som søkte tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing på over 77 000 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord. Det er aukande interesse for å bruke miljøvenleg teknologi når husdyrgjødsla skal ut, og det er bøndene i Time og Hå som er mest frampå. I diagramet ser de kor stor del av det fulldyrka og overflatedyrka areal i kommunane det er brukt miljøvenleg spreiing.  

 

Diagram. Miljøvenleg gjødselspreiing 2017.

Diagram. Del miljøvenleg spreiing av totalt fulldyrka og overflatedyrka areal. Kjelde: søknad om regionalt miljøtilskpt 2017 og søknad om produksjonstilskot august 2017.

 

Høge tilskotssatsar

For å motivere til omlegging til miljøvenleg spreiing har Fylkesmannen valt å ha relativt høge tilskotssatsar. Førebels tilskotsats er 80 kr per dekar på areal der nedlegging eller nedfelling blir brukt. I tillegg blir det gitt 50 kr per dekar for bruk av slangeutstyr i kombinasjon med nedfelling eller nedlegging. Det er sett tilskotstak i ordninga, og kvart føretak kan maksimalt få utbetalt 50 000 kr på denne ordninga.

Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing er ein del av Regionalt miljøprogram i Rogaland, og fristen for å søke regionalt miljøtilskot er 15. oktober.

Krav for å få tilskot

All gjødsling med husdyrgjødsel på omsøkt areal må vere med miljøvenlege spreieteknikkar. Siste gjødslingdato er 10. august. Føretaket må ha ein årleg gjødslingsplan, og det skal førast skiftenoteringar som viser når det er gjødsla, samt kor mange kubikk det er køyrt på. Dei som leiger utstyr må kunne legge fram kvitteringar som kan dokumentere leiga. Det må heller ikkje bli køyrt på så store mengder at det fører til overflateavrenning av gjødsla.

Mindre klimagassutslepp og mindre avrenning av næringsstoffer

Rask kontakt mellom jord og husdyrgjødsel gir mindre fare for tap av næringsstoff til luft og vatn. I val av tilskotsområde har vi vektlagt effekten på avrenning. Til no er det kommunar med sårbare vassdrag som er med i tilskotsordninga. Målet er å minske næringsavrenninga til vassdrag både gjennom å ha ein tidlegare spreiefrist, og gjennom miljøvenleg teknologi. Bruk av slangespreiar minsker i tillegg faren for jordpakking, og vasstilsett gjødsel infiltrer betre ned i bakken og gir betre nitrogeneffekt. Det er viktig at bøndene verdsett husdyrgjødsla, og tek høgde for nitrogeneffekten når dei brukar innkjøpt mineralgjødsel.

Teknologien gir òg mindre klimagassutslepp. I følgje Nibio er det tre hovudfaktorar som er avgjerande for tapet av ammoniakk ved spreiing:

  • Vêret. Jo større fordaminpa er, jo større blir tapet av ammoniakk.
  • Gjødsla. Tynnflytande gjødsel trenger lettare ned i jorda, og tapet reduserast. Det er om lag 10 prosent reduksjon av ammoniakktapet per prosent redusert tørrstoffinnhald. Syretilsetting reduserer pH og minskar tapet.
  • Spreieteknikk. Spreieteknikkar som reduserer kontakt mellom luft og gjødsel kan redusere ein stor del av ammoniakktapet samanlikna med vanleg breispreiing.   

 Nibio evaluerte tilskotsordninga i 2011. Vedlagt finn du evalueringsrapporten.