Miljøtiltak


02.11.2017

Særordning med tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland!

Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. Veret dette året har gitt oss ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg i område langs utsette vassdrag.

20.10.2017

Ny forskrift om organisk gjødsel – invitasjon til innspelsmøte 14. november

14. november kjem ansvarlege styresmakter til Sandnes for å leggja fram sentrale problemstillingar og løysningar for bruk og lagring av husdyrgjødsel. Rogaland er kanske det fylket som er mest spent på kva endringane det blir gjødselvareforskrifta. Bønder, politikarar, forvaltning og interesseorganisasjonar er invitert til å teikne seg for innspel.

15.09.2017

Søk om tilskot til drenering

Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra? Dreneringstilskotet ligg no på omlag 2000 kr per dekar eller kr. 30,- pr. meter avskjæringsgrøft.

14.08.2017

Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er utsett til 1.september

Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er på nytt utsett på grunn av alt regnet. Utkøyring av husdyrgjødsel på vassmetta jord gir fare for overflateavrenning, og Fylkesmannen finn det rett å utsette fristen slik at gjødslinga kan skje under meir laglege forhold.

08.07.2018

Spreiearealskjemaet er oppdatert

Skjemaet for utreikning av spreieareal for husdyrgjødsel er oppdatert.

03.07.2017

Tilskot til drenering av jordbruksjord blir dobla frå 1. juli 2017

1. juli 2017 blir tilskotet til drenering dobla til 2 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting er satsen auka til 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2000 kr per dekar.

29.06.2017

Høyring av lokal forskrift om avgrensing av spreieperioden for organisk gjødsel

Blir forslaget om lokal forskrift vedteke, må husdyrgjødsla på Jæren bli spreidd før 1. september. Åtgangen til å spreie husdyrgjødsel med nedmolding etter 1. september fram til 1. november blir fjerna. Det er utfordringane med vasskvaliteten i Jærvassdraga som er bakgrunnen for at kommunane på Jæren no føreslår innstrammingar i regelverket. 

10.04.2017

Gjødslingsplan - all gjødsla må med

Føretak som driv med planteproduksjon må ha årleg gjødslingsplan. Manglande eller mangelfull gjødslingsplan vil føre til avkorting av areal- og kulturlandskapstilskotet. Det kan fort bli unødvendig dyrt.

06.04.2017

4. mai er det tid for seminar om tiltak for betre vassmiljø

Seminaret er ein inspirasjonsdag for alle som tek del i oppfølginga av Regional plan for vannforvaltning. Tilsette i kommunal landbruksforvaltning er midt i målgruppa.

02.02.2017

Tilskot til bygging av gjødsellager i 2017

Det er i 2017 mogleg å søkje Innovasjon Norge om tilskot til bygging av gjødsellager for husdyrgjødsel. Ordninga gjeld for føretak i nedslagsfelta til utvalde vassdrag. Søknadsfristen er 1. mars, og då må nødvendige tillatingar frå kommunen vere på plass.