Miljøtiltak
Publisert 23.09.2012 Oppdatert 05.04.2017
Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.
Fylkesmannen har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.
Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven
Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.
For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.
Fylkesmannen skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.
Vis meirSlå saman
-
21.02.2018
Bønder i Rennesøy og Tysvær kan no søke tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing
Styringsgruppa for Regionalt miljøprogram i Rogaland har utvida tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing. No kan bønder i Vindafjord, Tysvær, Rennesøy, Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå søkje tilskot når dei brukar spreieutstyr som anten legg husdyrgjødsla direkte på bakken, eller skyt det ned i bakken.
[ Les meir ]
-
12.01.2018
Nå blir det bygd gjødselkummar
Den vanskelege vekstseongen i 2017, og Innovasjon Norge sin mellombelse tilskotsordning har fått fart i bygginga av gjødselkummar. Desse vil kome godt med i åra framover, og vil vere med på å redusere miljøbyrda frå jordbruket.
[ Les meir ]
-
15.11.2017
Direktorata kom til Rogaland for å presentera arbeidet med ny gjødselvareforskrift
Direktorata tok turen til Rogaland i går for å legga fram arbeidet med ny gjødselvareforskrift og få innspel. Over 90 personar møtte for å høyra om kva som kan bli endringane i den nye forskrifta som etter planen skal sendast på høyring i 2018.
[ Les meir ]
-
02.11.2017
Særordning med tilskot til bygging av gjødsellager i heile Rogaland!
Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. Veret dette året har gitt oss ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg i område langs utsette vassdrag.
[ Les meir ]
-
20.10.2017
Ny forskrift om organisk gjødsel – invitasjon til innspelsmøte 14. november
14. november kjem ansvarlege styresmakter til Sandnes for å leggja fram sentrale problemstillingar og løysningar for bruk og lagring av husdyrgjødsel. Rogaland er kanske det fylket som er mest spent på kva endringane det blir gjødselvareforskrifta. Bønder, politikarar, forvaltning og interesseorganisasjonar er invitert til å teikne seg for innspel.
[ Les meir ]
-
15.09.2017
Søk om tilskot til drenering
Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra? Dreneringstilskotet ligg no på omlag 2000 kr per dekar eller kr. 30,- pr. meter avskjæringsgrøft.
[ Les meir ]
-
14.08.2017
Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er utsett til 1.september
Fristen for miljøvenleg gjødselspreiing er på nytt utsett på grunn av alt regnet. Utkøyring av husdyrgjødsel på vassmetta jord gir fare for overflateavrenning, og Fylkesmannen finn det rett å utsette fristen slik at gjødslinga kan skje under meir laglege forhold.
[ Les meir ]
-
06.07.2017
Spreiearealskjemaet er oppdatert
Skjemaet for utreikning av spreieareal for husdyrgjødsel er oppdatert i tråd med endringane i søknad om produksjonstilskot i 2017.
[ Les meir ]
-
03.07.2017
Tilskot til drenering av jordbruksjord blir dobla frå 1. juli 2017
1. juli 2017 blir tilskotet til drenering dobla til 2 000 kroner per dekar. Ved anna grøfting er satsen auka til 30 kroner per løpemeter grøft, avgrensa til maksimalt 2000 kr per dekar.
[ Les meir ]
-
29.06.2017
Høyring av lokal forskrift om avgrensing av spreieperioden for organisk gjødsel
Blir forslaget om lokal forskrift vedteke, må husdyrgjødsla på Jæren bli spreidd før 1. september. Åtgangen til å spreie husdyrgjødsel med nedmolding etter 1. september fram til 1. november blir fjerna. Det er utfordringane med vasskvaliteten i Jærvassdraga som er bakgrunnen for at kommunane på Jæren no føreslår innstrammingar i regelverket.
[ Les meir ]
Fleire nyhende