Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Pandemi har gitt auke i mjølkeproduksjonen i Rogaland

Pandemien har gitt større etterspørsel av norsk kumjølk i 2020, og TINE forventar stor etterspørsel også komande år. Tal frå Landbruksdirektoratet visar ein auke i disponibel kvote på 6,5 prosent frå 2019 til 2020, medan tal føretak er redusert med 3,7 prosent. Kvar fekk vi auke i mjølkekvote og kvar blei den redusert?

Publisert 05.01.2021

Auke i mjølkemengde

Samla sett fekk Rogaland ei auke på kring 18 millionar liter mjølk. Dei dominerande mjølkekommunane Hå, Klepp og Time fekk størst auke i tal liter mjølk for disponibel kvote. Dei tre kommunane fekk ei auke på totalt ca. 9,9 millionar liter mjølk. Auka i disponibel kvote utgjer ei positiv endring på 8 prosent i Hå, medan Klepp fekk 8,2 prosent og Time 5,9 prosent. I prosent har vi størst endring i dei mindre kommunane Bokn, Eigersund og Karmøy på mellom 10 og 12 prosent, endringa utgjer ca. 1,2 millionar liter mjølk.

Distriktsmjølka under press

Totalt har tal aktive mjølkeføretak gått ned med 44 føretak frå 2019 til 2020 i Rogaland. I Bjerkreim kommune forsvann sju føretak, og Bjerkreim er kommunen med størst nedgang i tal aktive føretak. Størst prosentvis endring har Sokndal då to av åtte føretak slutta med mjølk, noko som utgjer 25 prosent. Nedgang på tal aktive føretak finn vi òg i våre mest mjølkerike kommunar. I dei mindre kommunane har vi liten eller ingen reduksjon i tal føretak, unntaket er Lund kommune som fekk ei positiv utvikling på to nye føretak.

I oversikta skil vi mellom tal aktive føretak og medlemmar. Dette fordi det kan vera fleire medlemmar i eit føretak, noko som kjem fram i oversikta for tal samdrift og medlemmar i samdrift.

Nedgang i tal samdrifter

Det er totalt 110 samdrifter i Rogaland. Flest samdrifter finn vi i Hå, Klepp, Time og Vindafjord. I Hå kommune blei det 8 fleire samdrifter i 2020. Her er det 79 medlemmar i samdrifter, noko som utgjer ei auke på 21 medlemmar frå 2019. Time kommune fekk ei reduksjon i tal samdrifter frå 16 til 12, og tal medlemmer blei redusert med 15. Denne reduksjonen kan sjåast i samanheng med tal aktive føretak og totalt tal medlemmar i Time kommune.  

Samla sett fekk vi ein nedgang frå 116 til 110 samdrifter i perioden 2019 til 2020 i Rogaland.

Auke i forholdstal for 2021

Landbruks- og matdepartementet har auka forholdstalet for disponibel mjølk frå dagens 1,05 til 1,07 i 2021. Årsaka er knytt til større forbruk av norske mjølkeprodukt i tillegg til fråfall av grensehandel som følgje av pandemien. TINE forventar stor etterspørsel av kumjølk også komande år.