Mat er ein menneskerett

Det høyrest kanskje sjølvsagt ut, men det er viktig å minna oss sjølv på det. 16. oktober er verdas matvaredag. Korfor skal me bry oss om dét i Rogaland?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.10.2020

Nobels fredspris for 2020 går som kjent til FN-organisasjonen Verdas matvareprogram (WFP). Nobelinstituttet legg vekt på WFP sitt arbeid med å utrydde svolt, betre forholda i konfliktområde og hindre at svolt blir nytta som maktmiddel i krig. Verdas matvaredag gir oss eit godt høve til å setje verdien av mat og matproduksjon på dagsorden.

Matsikkerheita i verda er truga av klimaendringar og internasjonale konfliktar

Over 800 millionar menneske er i dag ramma av svolt. Nær to milliardar opplev i periodar mangel på mat. Matsikkerheit handlar om å ha tilgjengeleg nok trygg og næringsrik mat, om kor mykje som er tilgjengeleg i eit samfunn, og i kva grad folk har tilgong til mat. Det er mange faktorar som kan true matsikkerheita, slik som tørke, flaum, konflikt, aukande folketal, fattigdom og økonomisk ustabilitet. I Noreg er særleg klimaendringar og internasjonale konfliktar truslar mot matsikkerheita vår, men også tap av jordbruksareal, som følgje av utbygging til andre føremål.

Folketalet på jorda er i dag rekna til 7,8 milliardar, og er venta å auke med to milliardar dei neste 30 åra. Befolkninga i verda blir også stadig eldre, noko som kan få innverknad på den økonomiske utviklinga i både u- og i-land.

70 prosent av maten som blir produsert i verda kjem frå familie- og småskala-landbruk. 40 prosent av befolkninga globalt har si hovudinntekt frå landbruk, dei fleste i fattige utviklingsland. Det er desse folka, og dette småskala-landbruket, som blir ramma hardast av tørke, flaum eller andre truslar. Klimaendringane er ein aukande fare mot matvareproduksjonen i mange land.

Retten til mat er ein menneskerett

Retten til mat er faktisk ein menneskerett, fastsett i «FN-erklæringa om menneskerettar» i 1948. FN sine berekraftsmål er også ein viktig del av FN sitt arbeid for å redusere svoltproblema i verda. Berekraftsmåla er den globale arbeidsplanen for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til oss som lever i dag, utan å øydeleggje for framtidige generasjonar. I FNs berekraftsmål 2 heiter det: «Utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremje berekraftig landbruk.» Landbruks- og matdepartementet (LMD) har koordineringsansvaret for å følgje dette berekraftsmålet.

I Noreg er vi i vane med sikker tilgang på mat, men vi deler matkammeret med resten av verda gjennom import for å dekke vårt eige behov. Klimatiske og topografiske forhold gjer at store areal i Noreg er mindre eigna for produksjon av basismatvarer vi er avhengige av. Om lag 3,5 prosent av arealet her i landet er nytta til jordbruk. Her inngår også innmarksbeite for husdyr.

Regional jordvernstrategi for å ta vare på matjorda

For å oppretthalde og auke matproduksjonen, som er eit nasjonalt mål, er vi avhengige av å ta vare på så mykje som mogleg av jordbruksareala våre. Stortinget vedtok i 2015 nytt nasjonalt jordvernmål om at det ikkje skal omdisponerast meir enn 4000 dekar jordbruksareal årleg. I Rogaland er dette følgd opp med ein regional jordvernstrategi som seier at vi ikkje skal ta meir enn 400 dekar jordbruksareal per år. I fjor blei likevel meir enn 600 dekar i fylket vårt omdisponert til andre føremål enn å dyrke mat. Jordvern er vanskeleg når det blir sett opp mot enkeltsaker, der bustadområde, nye arbeidsplassar eller viktige samferdselsprosjekt konkurrerer om areala. Det må også nemnast at jordbruket i Rogaland skapar store verdiar og har ei verdiskaping på tre milliardar kroner. I tillegg kjem verdiskapinga innan matindustrien og dei tenestene som landbruket treng.   

Det aller viktigaste framover blir likevel å ta best mogleg vare på dei ressursane vi har for eigen matproduksjon. Auka sjølvforsyning er viktig for oss – og for ei betre fordeling av matressursane i verda.

3,4 prosent av arealet i Noreg er jordbruksareal. Henta frå arealbarometeret.nibio.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.